Informasjon

Båretransport

I Noreg dekkjer Nav kostnadar til transport utover 20km så lenge avdøde blir køyrd til næraste naturlege gravplass i høve bustad. Føresetnader er at avdøde har rett på yring etter folketrygda. Pr 1/1-2021 er eigenandel på båretransporten 2 538,- NOK

Det gjeld særlege reglar om dødsfallet skjer utanfor Noreg. Det er og særlege reglar når dødsfallet skuldast yrkesskade.

Gravferdsstønad

Gravferdsstønad er behovsprøvd. Det kan gjevast opptil 25 377,-NOK til å dekkje faktiske og naudsynte utgifter til gravferda, dersom avdøde er i ein økonomisk situasjon som utløyser rett til denne stønaden.

Når avdøde er over 18 år blir tilleget avkorta mot formue og tenestepensjon. Dette blir utbetalt til avdøde/etterlatte månaden etter dødsfallet i likhet med forsikring og andre relevante ordningar.

Når avdøde er under 18 år blir det gjeve ei uavkorta gravferdsstønad med opptil 25 377 NOK til dekning av utgifter til gravferda.

Offentlege instansar og lovverk


Link til NAV sine støtteordningar her

Link til lovdata ifm. arv og skifte her